Barnehagen vår

Trollhaugen Barnehage Stranda SA ligg i Dalevegen 165. Vi er en privat, foreldreeigd barnehage med 1-avdeling.

Trollhaugen Barnehage er ein liten og oversikteleg barnehage der tilknytting, gode relasjonar og omsorg står i fokus. Ein fordel med å være ein liten barnehage med 1-avdeling er at barnet får behalde den trygge tilknyttinga gjennom heile barnehagetida. Der barna har dei same vaksne å forhalde seg til frå dei startar til dei skal over i skulen. Miljøet er tryggt og godt, og det er viktig for oss å skape eit inkluderande felleskap på tvers av alder, kjønn, etnisitet og føresetnad.  Vi ser mange fordelar med å være ein liten barnehage. Blant anna at dei eldre barna i barnehagen lærer fort å ta seg av og hjelpe dei yngre, samt vise omsorg. Dei yngre får gode forbilder og lærer mykje i samleik med dei eldre barna. Samtidig legg vi også til rette for at alle får aktivitetar og utfordingar, tilrettelagt sin alder og utvikling, i små grupper. 

Uteområdet til barnehagen har eit variert terreng som inviterer til aktiv leik både sommar og vinter. Skogen er vår nærmaste nabo, og den brukar vi aktivit heile året. Vi brukar mykje tid ute, og har faste turdagar kvar veke, der vi reiser ut av barnehagen på tur eller brukar skogsområdet. Vi tek med vogn eller hengekøye til dei som skal kvile i løpet av dagen. Ein viktig faktor for oss er at barna skal få utforske og oppleve det som nærmiljøet har å tilby. 

 Trollhaugen barnehage har jamleg kontakt med eldre menneske i kommuna, gjennom deltaking i "livsglede for eldre" der vi besøker Stranda omsorgssenter kvar veke. Der arbeider vi med ulike aktivitetar til stor glede for både store og små.