Tilvenning

Vi i Trollhaugen barnehage vil legge til rette for ein trygg og god start i barnehagen, både for barnet og foreldrene.

Det er viktig at foreldre setter av god tid til å gjøre barnet trygt i sine nye omgivelser. Hvor lang tid eit barn trenger på å etablere tryggheiten vil variere. Tilvenning legger til rette for å skape trygghet og tillit for barent og forendrene. Samt personalet får mulighet til å bli kjent med barnets behov og rutiner. Den første tida (1-2) veker oppfordrer vi til kortere dager i barnehagen. Under tilvenninga har vi kontakt anten via telefon eller gjennom KidPlan.

For barna er det ein heilt ny verden å begynne i barnehage, med nye omgjevnader, nye vaksne og mange nye barn. Det er difor viktig at de som foreldre tek dykk tid til å vere i lag med barna ein del dei første dagane i barnehagen, slik at det kan verte eit trygt møte med eit nytt miljø.

-   Første dagen må de vere i lag med barnet i barnehagen, men de bestemmer sjølv kor lenge de blir.

-  Andre dagen må vi vurdere om det er lurt at de som foreldre går frå litt, men uansett ikkje heile dagen.

-  Tredje dagen må vi vurdere, alle er ulike med ulike behov.

Alle nye barn i barnehagen får ein kontaktperson, ein voksen som har ekstra ansvar for barnet den første tida i barnehagen. Dette for å skape det tryggast mogleg for ungane, og ha ei trygg havn i barnehagen. Og også for at foreldra har ein spesiell vaksen å forhalde seg til den første tida som veit ekstra mykje om deira barn og kan utveksle informasjon med.

 

       Gode råd ved tilvenninga:

  • Gå aldri frå barnet uten å seie ha det.
  • Godta at barnet skrik. Dei fleste ungane gjer det når dei oppdager at dette blir kvardagen deira. Dersom dette varer over tid så ta ein prat med ped. leiarane om korleis vi kan løyse situasjonen i fellesskap.
  • Fortell barnet om kva som skal skje. Store barn kan ein gjere avtalar med; t.d. at eg kjem tilbake om 2 timar. NB! Husk å halde avtalen du gjer med barnet!
  • Ikkje overdriv avskjeden når du leverer barnet i barnehagen. Store avskjedsscener virker ofte berre mot si hensikt viss barnet er lei seg. Ver klar på at no skal eg gå og at eg kjem og hentar deg når eg er ferdig på jobb. Gjer avskjeden kortast mogleg sjølv om barnet skrik. Ofte slutter barna raskt å gråte når foreldra har gått. Ring evnt. b.hg etter ei stund for å sjekke korleis det går.