Vil du at barnet ditt skal gå i ein liten barnehage, der alle kjenner alle, og du kan være trygg på at ingen forsvinn i mengda? Vi ynskjer at kvart barn som går i barnehagen skal kjenne seg viktig, får eit fang når dei treng det og kjenne at dei strekker seg mot læring gjennom leik, kvardagsaktivitetar, temaarbeid og prosjekt. Det er også viktig for oss å bruke det unike uteområdet vårt og turar i nærområdet her. Det er mange fordelar med å vere ein liten barnehage, og vi er stolte av barnehage vår. Du kan sjekke ut vår Facebook side "Trollhaugen Barnehage Stranda SA", der legger vi ut litt om kvardagen vår i barnehagen.
Dersom full (100%) barnehageplass ikkje er det du ynskjer for ditt barn, tilbyr vi også halv (50%) plass og oppover. Prisen for redusert barnehageplass blir rekna prosentvis av 100% barnehageplass. (Eksempel: 50% plass = halv pris).
Ta gjerne kontakt for eit besøk eller om du skulle ha spørsmål.
Tlf: 93401213
Epost: trollhaugenbarnehage@outlook.com