ASK - alternativ supplerende kommunikasjon

I Trollhaugen bruker vi ASK som eit verktøy for å støtte kommunikasjonen til barna, og på den måten hjelpe barna til å letter kunne uttrykke seg. ASK står for alternativ og supplerande kommunikasjon.

ASK - Alternativ og suplerende kommunikasjon 

Vi bruker ASK for å skape forutsigbarheit for barnet gjennom dagen i barnehagen. 

 

ASK står for alternativ og supplerande kommunikasjon. Det er eit viktig hjelpemiddel for barn og unge som av ulike årsaker ikkje har talespråk. ASK er ikkje definert som eit språk i den norske språklova, men er å rekne som eit funksjonelt språk og ein måte å uttrykke seg på og med for den som har behov for det. ASK er heilt nødvendig for hen sin språklege, sosiale og faglege utvikling.  I Rammeplanen for barnehagen står det at «Barnehagen skal fremje kommunikasjon og språk», og «være bevisst på at kommunikasjon påverkar og påverkast av alle sider ved barnets utvikling». I barnehagen er språkutvikling noko som skjer naturleg, ved at vaksne samtalar med barna, og barna samtalar seg imellom. Men dersom språkutviklinga ikkje utviklar seg slik som forventa, er ASK eit hjelpemiddel vi tek i bruk for å støtte oppunder språkutviklinga til barnet. Personalet i barnehagen er ein viktig ressurs for at barnet skal lære seg å ta i bruk ASK. Pedagogisk tilrettelegging for eit barn som skal lære eller allerede brukar ASK, innebær at vi skapar ein barnehagekvardag som er med på å stimulere barnet si kommunikasjons- og språkutvikling. Samtidig skal vi gjennom ASK gi barnet moglegheit for læring på andre områder gjennom bruken av bildestøtte. ASK er, som nemnt, eit verktøy for å skape sosial tilhørigheit for barnet/a som ikkje kan ta i bruk eit verbalt språk i samme grad som andre. Vi skal derfor, gjennom bruken av ASK, gi barnet moglegheit for deltaking og oppleving av seg sjølv som ein del av ein inkluderande barnehage.

Vi har dagtavle med bilde/symbol over dagsrytma vår i rekefølge. Dette for at barna kan ha ei oversikt over kva som skal skje. Samt ei veketavle der vi henger opp dei aktivitene som skal skje, som for eksempel kven som skal på tur. Dette gir barna eit overblikk og kan skape forutsigbarheit. Vi bruker bildestøtte i ulike situasjonar, som foreksempel dersom eit barn er lei seg. Vi har tilgjengelig ei snelle vi har med oss, som har bilder av ulike følelser og behov som barna kan peike på. På den måten kan vi gjer det lettere å bli forstått og hjelpe barna sette ord på vansklege føleser.