Tegn til tale

Tegn- til- tale brukes for å tydeliggjøre talespråket, som er med på å styrke samspill og språkutvikling.

Teikn til tale reknast som ein kommunikasjonsform under ASK (alternativ og supplerande kommunikasjon), og baserar seg i stor grad på det talte språket. Det betyr at ein snakkar morsmålet sitt, og brukar teikn som visuell støtte til talen. I teikn til tale brukar vi tale til heile setninga samtidig med at vi gjer teiknet for utvalgte enkeltord. Utvelginga av kva ord som settast teikn til avhengjer av kva sender og mottakar er oppteken av å kommunisere. Når barn, unge eller voksne av ulike årsaker ikkje utviklar eit talespråk, har nedsatt hørsel, har eit utydelig talespråk eller kjem seint i gong med å snakke, kan teikn til tale støtte læring og utvikling av språklege ferdigheiter. I barnehagen har vi eit ønske om å ta i bruk teikn til tale saman med bildestøtte (ASK), slik både store og små har ein måte å kommunisere på. Generelt er ASK noko vi har valt å sette fokus på, både for vaksne og barn. Særleg i rutinesituasjonar har vi bildestøtte som ei alternativ kommunikasjonsform, og vi vil no fokusere meir på å ta i bruk teikn til desse. Fordelen med å bruke teikn til tale saman med bildestøtte, er at dei barna som ikkje har utvikla eit tydelig språk framleis har eit kommunikasjonsalternativ.