ReKomp

ReKomp er eit utviklingsarbeid i regi av Høgskulen i Volda, og har som mål å sette fokus på ulike områder ein med fordel kan vidareutvikle i barnehagen.

Rekomp – «Inkluderande språkmiljø, barna si språkutvikling og språkvansker»

ReKomp er eit utviklingsarbeid i regi av Høgskulen i Volda, og har som mål å sette fokus på ulike områder ein med fordel kan vidareutvikle i barnehagen. I år har vi valt å fokusere på «inkluderande språkmiljø, barna si språkutvikling og språkvansker». Bakgrunnen for dette valget er at vi har ein del som er fleirspråklege, og ei barnegruppe som består av mange små barn. Vi tenker at å gi barna ein god start på språkutviklinga tidleg i livet, vil kanskje gi dei bedre tilhøve på skulen. Vår problemstilling vil vere «Korleis kan vi vaksne bidra til å skape eit godt språkmiljø i barnehagen?». Det handlar i grunnen om at vi vaksne spelar ei stor rolle i språkutviklinga til barna, og er så heldige å få vere rollemodellar. Dei siste åra har vi jobba med «snakkepakken – året rundt», som er ein språkpakke med formål å gi barna eit utvida språkrepetoar. I år har vi heller valt å fokusere på ASK i si heilheit. Det vil seie at vi lagar til symbol og teikn i forhold til tema, som vi arbeidar med i ein månad. Grunnen til at dette vert gjort er at personalet får større friheit og kan tilpasse temaet til kva barna interesserar seg for den perioden. I tillegg har vi ASK tilgjengeleg rundt om i barnehagen til ei kvar tid. Vi ser at det er ein ressurs for alle barn å ha dette tilgjengeleg, og dei er stadig innom for å sjekke dagtavla.